Himmelleite // Sommarkveld i gamlekyrkja

Duoen Himmelleite består av Ingrid Lingaas Fossum på langeleik, song og kraviklyre, og Vemund Olav Aukrust på trøorgel og kyrkjeorgel. Dei byrja samspelet sitt i 2022, og har sidan halde ei rekkje konsertar i lag. Hausten 2025 ga dei ut plata “Efterklang fra fjeldreisen”, som vart nominert til Folkelarmpris i klassa "Samspel” same hausten.

page view image

Tickets Not Available

BESTILL
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

Himmelleite har eit unikt lydbilde, med klangen frå den lågmælte langeleiken - som har levd minst 500 år i Noreg - i kombinasjon med trøorgel og kyrkjeorgel. Duoen speler folkemusikk frå sine heimtrakter, Gudbrandsdalen og Valdres, som som dei har funne i notesamlingar og på folkemusikkarkivet. No får vi høyre dette materialet i ei ny musikalsk drakt - der langeleiken og orgelet skifter mellom å ha ei ledande rolle. Vi får høyre halling, lyarlåttar, salmer og viser, springleik og valdresspringar i duoens eigne arrangement - tidvis kombinert med klassiske tolkningar av det same slåttematerialet.  

Himmelleite er eit anna ord for horisont, og blir ofte brukt om synsranda innover i fjellet. 

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpt billett refunderes ikke.

Organizer
Hol sokn