Himmelleite // Sommarkveld i gamlekyrkja
Duoen Himmelleite består av Ingrid Lingaas Fossum på langeleik, song og kraviklyre, og Vemund Olav Aukrust på trøorgel og kyrkjeorgel. Dei byrja samspelet sitt i 2022, og har sidan halde ei rekkje konsertar i lag. Hausten 2025 ga dei ut plata “Efterklang fra fjeldreisen”, som vart nominert til Folkelarmpris i klassa "Samspel” same hausten.
Himmelleite har eit unikt lydbilde, med klangen frå den lågmælte langeleiken - som har levd minst 500 år i Noreg - i kombinasjon med trøorgel og kyrkjeorgel. Duoen speler folkemusikk frå sine heimtrakter, Gudbrandsdalen og Valdres, som som dei har funne i notesamlingar og på folkemusikkarkivet. No får vi høyre dette materialet i ei ny musikalsk drakt - der langeleiken og orgelet skifter mellom å ha ei ledande rolle. Vi får høyre halling, lyarlåttar, salmer og viser, springleik og valdresspringar i duoens eigne arrangement - tidvis kombinert med klassiske tolkningar av det same slåttematerialet.
Himmelleite er eit anna ord for horisont, og blir ofte brukt om synsranda innover i fjellet.
Waiver
Kjøpt billett refunderes ikke.